Amnesty: 3.600 drepne i konflikt om beite i Nigeria

Sidan 2016 har over 3.600 personar vorte drepne i ein eskalerande konflikt mellom bønder og gjetarar i Nigeria, ifølgje Amnesty International.

Konflikten har tidlegare vorte knytt til spenningar mellom muslimar og kristne tilhøyrande ulike etniske grupper i landet, men Nigerias Amnesty- sjef Osai Ojigho meiner årsaka ligg heilt andre stader.

- Konflikten handlar om tilgang til beite, men på grunn av den manglande evna tryggingsstyrken har til å stanse angrepa, blir konkurransen brukt om ressursar som eit påskot for å drepe i samsvar med religiøse eller etniske grupper, seier han.

- Konflikten har òg vorte farleg politisert av statlege tenestemenn som har nøra opp under spenningar gjennom å legge skulda på politiske motstandarar, seier han.

Store konfliktar mellom jordbrukarar og gjetarar har gått føre seg i Nigeria i fleire tiår, men byrja å eskalere i 1999. Sidan 2017 har konflikten vorte meir dødeleg.

Angrepa blir beskrive som godt planlagde, òg automatvåpen blir brukt. Nokon av angrepa har vart i nokre timar, mens andre har vart i fleire døgn. 57 av dødsfalla har skjedd i år, ifølgje Amnestys rapport.

Tryggingsstyrkar skal ofte ha vore i nærleiken av angrepa, men har fleire gonger reagert for langsamt.

(©NPK)