Amnesty: Hongkong-politiet bruker brutal vald mot demonstrantane

Amnesty International seier dei har etterforskarar som har vore i Hongkong og dokumentert omfattande bruk av vilkårlege arrestasjonar, brutal vald og tortur.

- Det er sjokkerande nyheiter frå Hongkong. Amnesty kan dokumentere omfattande overgrep også der kameralinsene ikkje nådde. Våre etterforskarar har avslørt korleis Hongkong-politiet bruker brutal behandling og tortur, og dessutan vilkårlege massearrestasjonar, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty Noreg, i ein e-post til NTB.

Ifølgje organisasjonen har dei bevis på at politiet har utøvd tortur og anna mishandling i varetekt og vald under arrestasjonar.

Eskalert valdsbruk

Amnesty seier dei har dokumentert valdsbruken gjennom nesten 40 intervju, der om lag 20 av dei var personar som var arresterte i samband med protestane. Dei har òg mellom anna gått gjennom videoar frå politiaksjonar, snakka med advokatar som representerer arresterte personar og helsepersonell som har behandla dei.

Det store fleirtalet av demonstrasjonar har føregått fredelege, men det har òg vore utøvd vald under protestane, som ser ut til å ha eskalert samtidig som maktbruken frå politiet har auka, ifølgje Amnesty.

Ifølgje Reuters har meir enn 1.500 menneske vorte arresterte sidan opptøyane starta i juni. Protestane vart først utløyste av eit omstridt lovforslag som opna for at innbyggjarar i Hongkong kan utleverast til det kinesiske rettsvesenet. Lovforslaget har vorte trekt tilbake.

- Valdsbruken er så brutal og omfattande at den set fleire strekar under frykta til lokalbefolkninga for å bli overlatne til Kina, seier Egenæs.

- Hindrar ytringsfridom

Ifølgje advokatane som hadde demonstrantar som klientar, skjedde politivalden som oftast før og under arrestasjonar. I nokre tilfelle òg i varetekt. I fleire tilfelle ser det ut til at overgrep har vorte brukt som «straff» for å få dei arresterte til å snakke eller når dei ikkje samarbeidde, ifølgje Amnesty.

Nesten kvar arresterte person som organisasjonen intervjua, sa at dei hadde vorte slått med batongar og knyttnevar, sjølv om dei meiner dei ikkje gjorde motstand.

- Styresmaktene i Hongkong har prøvd å bruke politivald som det viktigaste verkemiddelet sitt for å hindre folk i å nytte seg av ytringsfridommen sin og retten til ikkje-valdeleg protestar og demonstrasjonar, seier Egenæs i Amnesty Noreg.

Organisasjonen etterlyser ei uavhengig etterforsking av valdsbruken, som dei seier ser ut til å ha eskalert i alvorsgrad sidan masseprotestane i storbyen starta i juni.

Å granske bruken av politivald er eitt av krava til demonstrasjonane, men det er ikkje noko Hongkongs leiar Carrie Lam har gått med på så langt.

(©NPK)

Samtidig som det har vore fleire demonstrasjonar, har maktbruken til politiet i Hongkong auka, ifølgje Amnesty International.

- Styresmaktene i Hongkong har prøvd å bruke politivald som sitt viktigaste verkemiddel for å hindre folk i å nytte ytringsfridommen sin og retten til ikkje-valdeleg protestar og demonstrasjonar, seier John Peder Egenæs i Amnesty Norge.

Det har vore ein rekke demonstrasjonar i Hongkong sidan juni. Ifølgje Reuters har så mange som 1.500 menneske blitt arrestert. Foto: AP / NTB scanpix