Amnesty Norge har mista 80 medlemmer sidan omstridd Ukraina-rapport

Amnestys omstridde Ukraina-rapport har ført til at rundt 80 norske medlemmer har meldt seg ut av organisasjonen i protest, ifølgje Amnesty Norge.

I den omstridde rapporten, som vart publisert førre torsdag, konkluderte Amnesty med at taktikkane til det ukrainske militæret set sivile i fare ved å setje opp militærbasar i bustadområde, skriv Vårt Land.

Det fall verken i god jord hos ukrainske styresmakter, som skuldar organisasjonen for å støtte opp under russisk propaganda, eller hos fleire Amnesty-medlemmer.

Sidan rapporten vart publisert har 60 norske medlemmer meldt seg ut i protest mot organisasjonen, medan 40 medlemmer har meldt seg ut utan å oppgi grunn. Amnesty Norge estimerer at 20 av desse også er protestutmeldingar.

Fredag gjekk også leiaren for Amnesty Ukraina av i protest. Likevel står Amnesty ved funna i rapporten.

– Vi har brukt dei same metodane som vi elles gjer når vi etterforskar brot på folkeretten i resten av verda. Vi står framleis for funna i rapporten, seier kommunikasjonssjef Sindre Stranden Tollefsen til avisa.

(©NPK)

Amnesty Norge har mista 80 medlemmer etter publiseringa av ein omstridd Ukraina-rapport, som konkluderte med at taktikken til Ukrainas militære om å setje opp basar i bustadområde set sivile liv i fare. Her frå fronten ved Mykolajiv. Foto: Jevgenij Maloletka / AP / NTB