Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Ritzau): Danmark eksporterer kvart år millionar av grisar som ber på den multiresistente bakterien MRSA, skriv Information torsdag.
npk@npk.no
Publisert: 22.09.2016 kl 08:24
Dei siste undersøkingane frå det danske mattilsynet, Fødevarestyrelsen, i 2014 viser at 63– 70 prosent av svinebestandane i Danmark er smitta av MRSA. I dag reknar ekspertar med at talet er enda høgare.
Landbrukspolitisk talsmann for partiet Alternativet Christian Poll ber miljø- og matminister Espen Lunde Larsen (V) om å innføre eit krav om at danske griser blir testa for MRSA før dei blir selt.
– Vi har eit moralsk ansvar for å opplyse om det dersom dei grisane vi sel er smitta, seier Poll. Han ber også ministeren gjere greie for kvifor Danmark ikkje har rapportert om MRSA-situasjonen til EU, som Tyskland og Polen har gjort. (©NPK)