Annonse
Annonse
Annonse

– IS har øydelagt det eldste klosteret i Irak

(NPK-NTB): Satellittbilete stadfestar at det eldste klosteret i Irak, Sankt Elias-klosteret i Mosul, er lagt i ruinar. IS får skulda.

Annonse

Det er ikkje stadfesta kven som har øydelagt klosteret, men mykje tyder på at IS står bak raseringa, skriv Associated Press.

Klosteret vart bygd i år 590 og har vore i bruk i 1.400 år før det for snart halvtanna år sidan vart jamna med jorda, skriv Guardian.

– Bulldosarar, tungt utstyr, sleggjer, kanskje eksplosiv, har vorte brukte til å forvandle steinveggane til gråkvitt pulver. Dei har øydelagt det fullstendig, seier bildeanalytikar Stephen Wood i Allsource Analysis.

Bileta før det vart øydelagt viser at klosteret hadde vorte delvis restaurert. Det målte 2.500 kvadratmeter og var bygd av stein og mørtel på toppen av ei høgd over Mosul. Taket mangla, men klosteret hadde 26 rom, mellom anna eit heilagt kammer og eit kapell, viser bilete frå før øydelegginga. Etter at klosteret hadde vorte øydelagt var det berre pulverisert støv igjen av dei solide veggane.

– Vår kristne historie i Mosul er utsletta på barbarisk vis. Vi ser på det som eit forsøk på å fordrive oss frå Irak, utslette og avslutte vår eksistens i dette landet, seier han.

Meir enn 100 religiøse og historiske stader er stadfesta plyndra og øydelagde i Irak og Syria, mellom dei kyrkjer, moskear, graver og andre religiøse heilagdommar. I tillegg har IS øydelagt historiske minnesmerke fleire stader: museum og bibliotek er blitt øydelagde, bøker og kunst sett fyr på eller seld. IS argumenterer med at dette er i strid med deira tolking av islam.

I 2003 vart ein av veggane i klosteret øydelagt etter at det vart treft av delar av ei stridsvogn som vart sprengt i kamp. Irakiske soldatar dumpa søppel i vassreservoaret til klosteret, medan USAs styrkar etterpå tok kontroll over klosteret og måla over dei historiske veggmåleria med bokstavane «Screaming Eagle». Ein amerikansk feltprest oppdaga deretter kor viktig dette klosteret er, og tok initiativ til å restaurere bygningen. (©NPK)