Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kristne småparti ikkje har potensial til noko anna enn å sende Kristeleg Folkeparti under sperregrensa, meiner valforskar Johannes Bergh.
npk@npk.no
Publisert: 21.09.2016 kl 19:06
I helga trekte Trine Overå Hansen seg som nestleiar i partiet Dei Kristne og tysdag blei det kjent at ho deltek i diskusjonar om å skipe eit nytt parti.
– Men at eit verdikonservativt kristent parti på generelt grunnlag skal kunne ta opp kampen med KrF er det vanskeleg å sjå for seg, seier valforskar Johannes Bergh, ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) til Dagen.
– Ein må ta utgangspunkt i veljarane og kven som kan tenkje seg å røyste på eit sånt parti. Det finst eit lite segment. Men dette er ei såpass lita gruppe, som òg blir mindre og mindre over tid. Så det er vanskeleg å sjå for seg at eit slikt parti skal etablere seg som ein konkurrent til KrF, seier Bergh.
Han seier at om eit slikt parti skulle få gjennomslag og merksemd i media skal det ikkje mykje til før KrF bikkar under sperregrensa.
– Det største potensialet eit sånt parti har er å gjere skade på KrF, seier Bergh.
Fleire personar har meldt seg ut av Partiet Dei Kristne dei siste månadene, men partileiar Erik Selle avviser at det er strid internt i partiet og hevdar at Dei Kristne organisatorisk står sterkare enn nokon gong.
Dei Kristne fekk 17.700 stemmer ved stortingsvalet i 2013, noko som svarar til 0,6 prosent av røystene. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.