Klargjør siden...
Annonse

– Lisensfelling av ulv tek vare på matproduksjonen

(NPK-NTB): Rovviltnemndene fatta fredag eit omstridd vedtak om samla lisensfellingskvote på 47 ulvar nasjonalt. Bondelaget meiner at dette er naudsynt for å verne sau på beite.

– Dagens vedtak er ei naturleg oppfølging av rovdyrforliket til Stortinget. Situasjonen for mange sauebønder har vore svært tøff, det er derfor tryggande å sjå at rovviltnemndene no følgjer opp nasjonale vedtak, seier Einar Frogner, styremedlem i Bondelaget.

Ifølgje interesseorganisasjonen kvir mange bønder seg for å sende sau ut på beite i frykt for rovdyr.

– I beiteområdet Rendalen blei 30 prosent av sauane tatt av rovdyr i sommar, mellom anna av ulv som kom frå ulvesona. Dagens vedtak er naudsynt for å førebyggje slike tragiske hendingar, seier Frogner.

Fredag blei det klart at rovdyrnemndene har fatta lisensfellingskvote i år og neste år på 47 ulvar, 24 av desse er innanfor ulvesona. Ifølgje ein rapport frå Rovdata var den norske bestanden i 2015/2016 over det nasjonalt fastsette bestandsmålet. (©NPK)

Annonse