Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dei neste fire månadane skal Noreg ta imot 218 syrarar i månaden, ifølgje eit førebels EU-notat om fordelinga av syriske flyktningar som skal hentast frå Tyrkia.
npk@npk.no
Publisert: 21.04.2016 kl 19:08
Noreg er dermed det landet som skal ta imot flest syrarar, viser notatet, som det tyske nyheitsbyrået DPA har fått tilgang til.
EUs innanriksministrar var torsdag samla for å gjennomgå avtalen med Tyrkia som gir EU høve til å returnere flyktningar og migrantar som kjem sjøvegen til Hellas, mot å hente ut éin syrisk flyktning for kvar syrar som blir returnert. Avtalen gjeld opptil 72.000 flyktningar.
Dei neste fire månadane skal i alt 4.488 syrarar hentast ut, ifølgje den førebelse fordelingsplanen. Av desse skal Noreg ta imot 218 i månaden, mens Frankrike skal ta hand om 148, Italia 118 og Tyskland 100.
Justisdepartementet kunne torsdag kveld ikkje bekrefte talet overfor NTB. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.