Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Frå og med neste år skal politiet i andre nordiske land kunne utøve makt også i Noreg, samtidig som norsk politi skal kunne operere i nabolanda, ifølge eit lovforslag.
npk@npk.no
Publisert: 19.02.2016 kl 09:56
Det er den svenske innanriksministeren Anders Ygeman som opplyser til Sveriges Radio Ekot at det er lovendringar på gang som skal bidra til eit tettare politisamarbeid mellom dei nordiske landa.
Sjølv planlegg han å legge fram eit lovforslag i år, slik at endringa kan tre i kraft neste år. Noreg er venta å gjere det same til våren, mens Danmark og Finland har allereie gjort liknande endringar.
Lovendringane opnar ifølge Ygeman for at politiet i nabolanda til Sverige skal kunne har rett til å utøve makt på svensk jord under svensk befal, og at svensk politi skal kunne arbeide i nabolanda. Endringa er viktig ikkje minst for dei grisgrendte strøka, meiner ministeren.
– Viss det for eksempel skjer noko i Haparanda (by nordaust i Sverige), og den næraste politipatruljen er finsk, og dei kan gripe inn, eller om det skjer noko på den finske sidan av grensa, og ein svensk patrulje er nærast, skal dei kunne gripe inn. Det kan også handle om at ein politibetjent frå kvar side patruljerer saman, seier den svenske innanriksministeren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.