Seks vil slåst om plassar i sentralstyret i Frp

To menn og fire kvinner vil kjempe om ein plass i sentralstyret i Frp på landsmøtet kommande helg.

Dei seks er Alf Erik Andersen frå Mandal Frp, Anni Skogman frå Tromsø Frp, tidlegare statssekretær Bjørnar Laabak frå Østfold, Lone Kjølsrud frå Lillestrøm Frp, Lill-Harriet Sandaune frå Trøndelag Frp og Hayley Anita Henriksen frå Gjesdal Frp.

Samtidig har to av dei valkomiteen innstilte, Per-Willy Amundsen og Pål Morten Borgli, trekt seg.

Amundsen ber sjølv om at landsmøtet vel Anni Skogman framfor han.

– Den sterke tilrådinga mi er at alle som vurderte å stemme på meg, gir stemma si til Anni. Ho kan få til akkurat det same som meg, i tillegg til at ho er eit kvinnfolk, seier Amundsen til VG.

– Eg blir audmjuk når ein stortingspolitikar og tidlegare justisminister seier han vil trekkje seg, og meiner eg kan gjere ein like god jobb som han, svarer Skogman.

Det førte til oppstand både i og utanfor Frp då innstillinga frå valkomiteen til nytt sentralstyre vart kjend tidlegare i år. Komiteen hadde innstilt på ti menn og éi kvinne – partileiar Sylvi Listhaug. Dei fire vararepresentantane var også alle menn.

(©NPK)

Per-Willy Amundsen trekkjer seg frå sentralstyret i Frp og ber om at Anni Skogman får hans plass.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB