Annonse

Analytikar: Kina veit ikkje kva Trump eigentleg krev

Kina prøver framleis å finne ut kva USA eigentleg krev i handelskrigen, ifølgje Citigroup-analytikar Li-Gang Liu.

Annonse

President Donald Trump har varsla ein toll på 10 prosent på kinesiske varer verdt 200 milliardar dollar frå og med neste veke. Kina varsla med ein gong eit mottiltak, men ifølgje analytikaren går handelskrigen føre seg utan at Kina eigentleg veit kva amerikanarane krev.

- I botn og grunn er ikkje USA sine krav tydelege. Utan at det er klart kva Trump eigentleg vil, er det ikkje gode utsikter for framskritt, seier Liu.

Kinesiske børsar gjekk likevel opp onsdag, som følgje av auka optimisme om at USA og Kina kan bli einige. Både Hang Seng-indeksen på Hongkong-børsen og Shanghai-børsen gjekk opp med snaue 1,1 prosent, til høvesvis 27.407 og 2.730 poeng.

Med initiativet «Made in China 2025», som fremmar kinesisk verdsdominans innan robotikk og elektronikk gjennom subsidiar til kinesiske selskap og merke, håper Kina å løfte inntektene til dei fattige i landet.

Men både USA og Europa har kritisert slike tiltak som eit brot på Beijings løfte om å behandle alle selskap likt. Derfor prøver Kina no å presentere handelsplanar som er meint å tene landet på ein slik måte at det ikkje forargar handelspartnarar, meiner Paul Haenle, direktør i tankesmia Carnegie-Tsinghua Center for Global Policy.

- Eg trur det er intern debatt i Kina om dette. Handterte vi det riktig? Er det ein måte å innrømme til USA og andre aktørar at vi kinesarar må gjere endringar? spør Haenle.

- Men å gjere det utan at det verkar som om ein gir etter for USA, blir vanskeleg, legg han til.

(©NPK)