Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Halvparten av dei alvorlege skadde som kom til sjukehus i 2013 hadde ikkje fått hjelp av luftambulanse eller anestesilege, ifølgje ein ny rapport. Prioriteringa bør bli betre, meiner forskarane bak rapporten.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 08:39
– Vi er overraska over at evna til å plukke ut pasientar som treng helikopter er så dårleg som den ser ut til å vere, seier Torben Wisborg til Nationen. Han er professor ved Universitet i Tromsø og leiar for Nasjonal Kompetanseteneste for Traumatologi ved Oslo universitetssjukehus.
Undersøkinga han og tre forskarkollegaer står bak, slår fast at hardt skadde pasientar med behov for luftambulanse og anestesilege ikkje har fått det. Alvorleg skadde pasientar betyr i denne samanheng pasientar med ein tilstand som éin av fem døyr av.
Berre 51 prosent av pasientane som kom til sjukehus med alvorleg skade i 2013, hadde fått hjelp av anestesilege under transport med bil eller luftambulanse.
Og det er ikkje ressursane det står på. Noreg har 19 ambulanse- og redningshelikopter med anestesilege på vakt døgnet rundt, 365 dagar i året. Også bilambulanse kan bemannast med anestesilege ved behov.
– Ressursane er kjempebra. Utfordringa er å fordele dei rett. Vi må forvente at vi brukar luftambulanse til dei rette pasientane, seier professoren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.