Annonse

Anti-jødisk hærverk i Norden kan vere koordinert aksjon

Hærverket i Danmark, Noreg, Sverige og Finland i samband med krystallnatta var truleg koordinert og meint som ein maktdemonstrasjon, trur terrorforskar.

Annonse

- Med dette prøver dei å vise at dei er sterke i alle land, at det finst handlekraft og at det kan eskalere til ting som er meir kraftige, seier den svenske terrorforskaren Magnus Ranstorp til den danske avisa Information.

Han trur Den nordiske motstandsrørsla, som sjølv omtaler seg som nasjonalsosialistar, stod bak hærverket, og han åtvarar mot å ignorere gruppa.

I Randers i Danmark vart ein jødisk gravlund vandalisert på årsdagen for krystallnatta, som i 1938 markerte starten på jødeforfølginga i Tyskland.

Det vart òg gjort hærverk mot heimen til jødar, synagogar og andre bygningar i alle dei nordiske landa, mellom anna ved at vegger vart tagga.

Davidsstjerner

I Bergen vart det klistra opp gule davidsstjerner på veggen til Schibsteds trykkeri, og det same skjedde utanfor bankar i fleire nordiske byar.

Den nordiske motstandsrørsla la ut skrytebilde frå den antisemittiske aksjonen, også på den norske nettstaden sin, skriv Filter nyheiter.

Eitt av dei uttalte måla til organisasjonen er «å arbeide for å vinne tilbake makta frå den globale sionistiske eliten, som økonomisk og reint militært har okkupert store delar av verda», heiter det på nettsida deira i Danmark.

Støttar

Ein talsmann for Den nordiske motstandsrørsla i Danmark, Jacob Vullum Andersen, nektar overfor TV 2 Østjylland for at det var dei som stod bak hærverket i helga, men legg ikkje skjul på at han støttar dei som stod bak.

- Vi synest det er positivt at folk omsider har byrja å vakne opp til ei erkjenning av at maktjødar og jødisk infiltrasjon i samfunnet er ytst skadeleg og uønskt, seier han.

Den nordiske motstandsrørsla har dei siste åra gjennomført ei rekke markeringar i Norden, også i Noreg.

40 høgtståande demokratar i USA bad førre månad utanriksminister Mike Pompeo om å føre opp organisasjonen på USAs liste over utanlandske terrororganisasjonar.

(©NPK)

Terrorforskar Magnus Ranstorp trur Den nordiske motstandsrørsla, som omtalar seg sjølv som nasjonalsosialistar, stod bak hærverk mot jødiske mål i Norden i helga. Foto: Berit Roald / NTB scanpix