Annonse

Anundsen: – Angrep som stemmer med PSTs trusselvurdering

(NPK-NTB): Angrepet i Nice er tragisk og stemmer godt overeins med PSTs opne trusselvurdering, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp).

– Dette er eit tragisk angrep gjennomført med forferdelege middel. Det stemmer diverre godt med trusselbiletet som PST har formidla i si opne trusselvurdering etter at IS oppmoda sine tilhengjarar å gjennomføre angrep med enkle middel, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen til NRK.

– Det som er utfordrande med slike angrep, er at det ofte er krevjande å avdekkje dei på førehand, seier Anundsen og legg til at det internasjonale samarbeidet for å hindre slike angrep i så stor grad som mogleg, er godt.

– PST har i si trusselvurdering sagt at det er mogleg at eit terrorangrep òg kan råke Noreg. Men det er ikkje ein prognose, det er basert på eit analysegrunnlag basert på eit svært omfattande materiale. Det er òg ein reduksjon av trusselnivået i forhold til det vi har opplevd tidlegare. Så langt har PST vore tydelege på at det ikkje er tilknytingar til Noreg som bidrar til å endre trusselnivået vårt no.

– Det viktigaste for terroristane er å øydeleggje vår måte å leve på. Dei skal ikkje lukkast med det, og vi skal ikkje gå rundt og vere redde. Noreg er eit trygt land å bu i, seier han.

Til dei som meiner angrepet i Nice vil sette fart på debatten om politivæpning i Norge, seier Anundsen at eit offentleg utval er sett ned for å sjå nærmare på ordninga, og at konklusjonane vil gi eit godt fagleg grunnlag for ein framtidig diskusjon.

– Stortinget må til slutt vurdere om dei vil halde oppe ordninga så langt, nemleg at ein ønskjer eit uvæpna politi, eller om Norge òg må tilpasse seg annleis framover, seier Anundsen. (©NPK)

Annonse