Klargjør siden...

Anundsen: Valdtekter blir etterforska for dårleg

(NPK-NTB): Etterforskinga av valdtekter er for dårleg, meiner justisminister Anders Anundsen (Frp). Han saknar i mange tilfelle etterforskingsplanar og trur ein del tiltak ikkje er treffsikre nok.

Overfor VG hevdar justisministeren at det er for mange unnlatingssynder hos politiet.

– Det har ikkje mangla på ønske om å forandre, men resultata har ikkje kome. Det verkar absolutt rart, seier han.

Tal avisa har fått tilgang til frå Riksadvokaten, viser at 34,6 prosent av dei alminnelege valdtektene i 2015 vart oppklart, ein nedgang frå 34,9 prosent i 2007. Det skjer samtidig som der er sett inn tiltak for å auke oppklaringsprosenten.

– Ein kan ha sett inn feil tiltak, rett og slett, og har derfor ikkje fått den effekten som har vore tilsikta, seier Anders Anundsen.

I haust håpar han Riksadvokatens undersøking av valdtektssaker kan seie kva som blir gjort rett og feil. Anundsen trur også samanslåinga av politidistrikt vil samle kompetanse på vald i nære relasjonar.

Nyleg vart tre menn frifunne av eit mindretal i lagmannsretten for gjengvaldtekt av ei kvinne i Hemsedal.

– Å sjå korleis saker som ein forståeleg kan reagere på utfallet av, bidrar til ein nyttig diskusjon, men eg meiner at det ikkje er lekmannsperspektivet som er hovudproblemet. Det er at påtalemakta ikkje har klart å overtyde retten i tilstrekkeleg grad om at det er gjort straffbare forhold, seier justisministeren. (©NPK)

Annonse