Klargjør siden...

Ap med tipunktsplan mot ungdomsarbeidsløyse

(NPK-NTB): Arbeidarpartiet meiner regjeringa sviktar unge arbeidsledige. Partiet har sett opp ei liste på ti tiltak for å få bukt med problemet.

Torstein Tvedt Solberg (Ap) meiner regjeringa har ført ein passiv politikk som har ført til at rekordmange unge er utan arbeid eller utdanning, skriv Aftenposten. Han har ei rad tiltak han meiner kan bidra til å få unge i arbeid, og han begynner med Nav.

– Det aller viktigaste er å få unge raskt i jobb. Derfor vil vi ha eit Nav Ung som har som mål å snu unge i døra, seier Tvedt.

2.000 nye tiltaksplassar, meir fleksible dagpengereglar, auka tilskot til lærlingplassar og fleire offentlege lærlingplassar og fleire fagskule- og studieplassar er blant tiltaka på lista.

Mens Solberg meiner problema er blitt meir kompliserte og har akselerert under regjeringa, meiner Høgres Stefan Heggelund at dei arva den høge ungdomsarbeidsløysa frå dei raudgrøne.

– Ei slik utvikling snur ein ikkje over natta, men vi har gjennomført ei rad tiltak vi allereie ser effekten av. Fleire av forslaga frå Ap er vi allereie i gang med, eller har gjennomført. Deira liste er dessverre for lite, for seint, meiner han. (©NPK)

Annonse