Annonse

Ap-ordførar skuffa over rusvedtak

Arbeidarpartiet seier nei til å avkriminalisere bruk av narkotika. – Skuffande, seier ordførar Marte Mjøs Persen i Bergen.

Annonse

Saman med Ap-tungvektarar som Oslos byrådsleiar Raymond Johansen og næringspolitisk talsmann Eigil Knutsen stilte Persen seg bak dissensen frå eit mindretal i redaksjonskomiteen som ønskte å støtte regjeringsforslaget til rusreform.

Der er eitt av hovudelementa avkriminalisering av bruk og innehav av mindre mengder narkotika.

I forkant av voteringa fredag ettermiddag oppmoda Persen innstendig landsmøtet til å stemme for dissensen og understreka mellom anna at likskap for lova òg må gjelde i ruspolitikken.

– Eg er sjølvsagd skuffa. Men eg er glad for at landsmøtet bevega seg i riktig retning og seier ja til å avkriminalisere for tunge rusbrukarar. Og så er vi samde om å styrkje innsatsen for dei unge, seier Persen til NTB.

Ho meiner òg det vil bli ei utfordring å lage eit føreseieleg skilje mellom tunge rusavhengige og unge som er på veg inn i ein ruskarriere.

(©NPK)

Ap-ordførar Marte Mjøs Persen i Bergen er skuffa over at hennar parti har sagt nei til avkriminalisering av bruk og innehav av små mengder narkotika. Foto: Marit Hommedal / NTB