Annonse

Ap: Regjeringa «snikprivatiserer» Skule-Noreg

At regjeringa, mot Utdanningsdirektoratets vilje, seier ja til nye privatskular, viser at det går føre seg ei ideologisk motivert privatisering, meiner Ap.

- Det Høgre her heilt klart driv med, er ei ideologisk snikprivatisering av skulen, seier Arbeidarpartiets kunnskapspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg til NTB.

Han etterlyser meir ærlegdom frå statsministeren og kunnskapsministeren om intensjonane bak privatiseringa.

- Dei gøymer seg bak lova og skjønn, men klarer ikkje å produsere andre argument på kvifor det er slik, anna enn at det er ei ideologisk privatisering som ligg bak, meiner Ap-politikaren.

Bakgrunnen for saka er at regjeringa har godkjent skipinga av 14 nye privatskular - mot Utdanningsdirektoratet vilje. Departementet er klageinstans for direktoratvedtaket.

- Ser vekk frå fagleg skjønn

I 8 av desse 14 sakene seier kommunane at det vil gi dei økonomiske problem og svekkje skuletilbodet, ifølgje Aftenposten, som har avdekt saka.

Ekspertar har peika på at fleire av omgjeringsvedtaka er svakt grunngitt, at departementet i nokre saker ser ut til å ha hatt svaret klart på førehand, og at praksisen til regjeringa kjem i konflikt med ei innstramming i friskulelova frå 2007, ifølgje avisa.

Tvedt Solberg tok opp saka i Stortingets munnlege spørjetime onsdag.

- Dette går på tvers av kvalitet og lokal medbestemming og sjølvavgjerd over skulestrukturen. Høgres ideologiske prosjekt gjer rett og slett at ein må legge ned lokale skular, hevdar han.

- Det er spesielt at kunnskapspartiet Høgre i så stor grad legg vekk fagleg skjønn. Det er dei veldig opptatt av vanlegvis, men ikkje i denne saka, seier han.

- Ikkje ideologisk

Statsminister Erna Solberg (H) meiner det ikkje er riktig å seie at regjeringa gir tilslutning til skiping av privatskular av ideologiske grunnar når ein òg seier nei til mange privatskular.

- Det blir gjort ei vurdering av dette. Men som klageinstans har eit politisk leidd organ som eit departement ein noko større tilgang til å utøve skjønn enn Utdanningsdirektoratet har, sa ho i spørjetimen onsdag.

Solberg understreka at spørsmålet ikkje berre er juridisk, men også avheng av økonomien til den enkelte kommune og eventuelle konsekvensar for andre skular i eit aktuelt område.

Ho peika på at det ikkje er grunnlag for å seie at departementet har handtert sakene «feil eller i strid» med gjeldande regelverk.

- Det er ikkje sånn i mange av desse tilfella at friskulen har ført til nedlegging av ein annan skule. I mange av desse tilfella blir friskulane oppretta fordi at kommunen har lagt ned skuletilbodet, sa statsministeren.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) møtte i Stortingets munnlege spørjetime onsdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix