AP: Rosenstein reknar med å få sparken

Visejustisminister Rod Rosenstein reknar med å få sparken måndag etter å ha uttalt seg kritisk om USAs president Donald Trump, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Ifølgje nettstaden Axios' kjelde har Rosenstein allereie gitt munnleg beskjed til Det kvite hus' stabssjef John Kelly om at han går av i påvente av å få sparken.

Fredag melde The New York Times at Rosenstein foreslo å finne ein måte å avsette Trump på. Rosenstein har nekta for påstandane.

Nyheitsbyrået Aps kjelde seier måndag at visejustisministeren er på veg til Det kvite hus, der han reknar med å få sparken.

Det 25. tillegget i den amerikanske grunnloven opnar for å fjerne ein president som ikkje er mentalt skikka til oppgåva.

New York Times skreiv fredag at Rosenstein i mai 2017 foreslo at regjeringsmedlemmer skulle ta opptak av Trump som bevis på den mentale tilstanden hans. Rosenstein sjølv seier artikkelen er «unøyaktig og ukorrekt».

Rosenstein og justisdepartementet i Washington nektar ikkje direkte for det som skal ha blitt sagt, men seier det dreidde seg om spøkefulle og sarkastiske kommentarar.

Ikkje desto mindre skapte Trumps nye truslar uro i FBI og justisdepartementet for at Trump skal seie opp fleire og prøve å få stoppa etterforskinga som spesialetterforskar Robert Mueller jobbar med.

Trump har ikkje lagt skjul på kor liten respekt han har for justisminister Jeff Sessions. For å fjerne Mueller må han likevel sparke både Sessions og Rosenstein og utnemne ein ny justisminister som i sin tur kan sparke Mueller.

(©NPK)