Ap ser ikkje vekk frå mistillit etter nye terrorsikringssvar

Ap er ikkje fornøgd etter den lukka høyringa om regjeringsarbeidet med objektsikring og ser ikkje vekk frå at det kan bli aktuelt å stille mistillitsforslag.

- Høyringa i dag har berre vore ei stadfesting av svakheitene som Riksrevisjonen omtaler i den opne delen av rapporten, og som no er stadfesta av ytterlegare detaljar frå den lukka delen av rapporten, seier leiaren i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité Dag Terje Andersen (Ap) til NTB.

Statsminister Erna Solberg (H) og ei rekke noverande og tidlegare statsrådar forklarte seg under den lukka høyringa måndag, som var ein oppfølging av den opne høyringa i august.

- Det var veldig viktig for oss å få til ei lukka høyring, for no kunne vi følgje opp ytterlegare detaljar som vi ikkje kunne gjere i den opne høyringa, frå den ikkje-offentlege delen av rapporten, seier Andersen.

Andersen seier han verken er meir fornøgd eller rolegare etter svara som kom måndag.

- Problema som Riksrevisjonen omtaler som svært alvorlege, har berre vorte ytterlegare stadfesta, seier han.

Andersen seier han ikkje kan sjå vekk frå at Ap vil stille mistillitsforslag mot regjeringa i saka.

- Eg ser ikkje vekk frå det. Det er verken meir eller mindre aktuelt enn det har vore når eg har uttalt meg tidlegare, seier han.

Andersen seier komiteen skal diskutere den vidare framdrifta under eit komitémøte tysdag, og om det er behov for oppfølgingsspørsmål og ei ny open høyring, slik SV har teke til orde for. Han seier han håper komiteen får behandla saka ferdig før jul.

(©NPK)

Dag Terje Andersen i Arbeidarpartiet meiner den lukka høyringa stadfestar svakheiter i arbeidet regjeringa gjer med terrorsikring. Bak Høgre-representanten i kontroll- og konstitusjonskomiteen, Svein Harberg. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix