Annonse

Ap vil fjerne ostehøvelen i offentleg sektor

Ap-leiar Jonas Gahr Støre lovar at han vil fjerne ABE-reforma til regjeringa dersom dei får tilbake leiinga av Noreg.

Under eit innlegg på LO Stats Kartellkonferanse på Gol onsdag tok Støre eit oppgjer med den økonomiske politikken til regjeringa og spesielt avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, skriv Klassekampen.

Reforma går ut på at det kvart år skal kuttast 0,5 prosent i driftsbudsjetta til offentleg sektor. Reforma som skal fremme betre ressursbruk og auka effektivisering, har fått mykje kritikk. Finansminister Siv Jensen (Frp) har derimot uttrykt at reforma er ein suksess.

- Dette er ein metode som vitnar om manglande vilje til å prioritere. Det er eit flatt ostehøvelkutt. Vi trur ikkje sektorar som handlar om mellommenneskeleg kontakt, blir meir effektive av eit flatt kutt. Ei Ap-leidd regjering vil òg prioritere og kunne flytte pengar, men vi må bruke ein annan metode, sa Støre.

Under konferansen varsla Støre at Arbeidarpartiet ville erstatte ABE-reforma med det han kalla ei «tillitsreform». Han vil ikkje at offentleg sektor skal styrast etter marknadsøkonomiske prinsipp. Han forsvarte privatiseringa av Telenor og Statoil, men sa at noko anna gjekk gale på vegen vidare.

- Å styre etter mål har vorte til ei pervers, detaljert målstyring som ikkje tener nokon, sa Støre.

(©NPK)

Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil legge bort marknadsøkonomien i offentleg sektor og legge ned ABE-reforma som den sitjande regjeringa innførte i 2015. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix