Annonse

App skal påskjønne bilførarar som ikkje bruker mobilen under køyring

Appen Hold skal gi bilførarar poeng og premiar for kvart 20. minutt dei klarer å la mobilen ligge under køyring.

- Vi vil at folk skal bli meir oppmerksame i trafikken. Berre ved ein liten sjekk på telefonen kan du plutseleg ha køyrt 100 meter, seier Mats Mathisen, ein av gründerane bak appen, til Aftenposten.

Prosjektet er i samarbeid med Statens vegvesen og YX 7-Eleven. Prosjektleiar Rita Aarvold i Statens vegvesen seier dei vil gi folk eit hjelpemiddel som minner bilførarar om å ikkje bruke mobilen.

Straffa for å bli tatt for mobilbruk under bilkøyring vart etter nyttår justert opp til to prikkar på førarkortet i tillegg til bot. Avisa skreiv førre veke at trass i strengare straff, har mobilbruken auka med 6,1 prosent første halvår i år samanlikna med same periode i fjor.

Hold vart starta av tre norske studentar i København i 2015. Appen påskjønner brukaren for å ikkje bruke mobiltelefonen på skulen, på jobb eller no i trafikken. Appen er òg lansert i Storbritannia.

(©NPK)

I samarbeid med Statens vegvesen og YX 7-Eleven premierer appen Hold bilførarar for å la mobilen ligge under køyring. Arkivfoto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix