Annonse

Aps Sverre Myrli valt til visepresident i Natos parlamentarikarforsamling

Arbeidarpartiets Sverre Myrli (50) er ny visepresident i Natos parlamentarikarforsamling. Han vart vald på sesjonen til forsamlinga i Vilnius i Litauen fredag.

Annonse

– Nato speler ei hovudrolle for å tryggje freden i den svært alvorlege situasjonen Europa no er i, så blir det sjølvsagt veldig interessant å jobbe tettare med generalsekretær Jens Stoltenberg, og også vere med på den historiske storhendinga ved at Sverige og Finland blir med i Nato, seier Myrli.

Forsamlinga er det politiske samarbeidet mellom dei nasjonale parlamenta til dei 30 medlemslanda og består av 269 medlemmer, og fem er frå Noreg.

Gerald Connolly frå USA er president, og det er totalt fem visepresidentar.

(©NPK)

Stortingsrepresentant Sverre Myrli frå Arbeidarpartiet er vald inn som éin av fem visepresidentar i Natos parlamentarikarforsamling. Foto: Heiko Junge / NTB