Annonse

Arbeidarar jobbar på spreng for å få ferdig Trumps mur ved grensa til Mexico

Få veker før Donald Trump er ferdig i Det kvite hus, kjempar arbeidarane ein kamp mot klokka for å få ferdig det omstridde stålgjerdet langs Mexico-grensa.

Annonse

Trump reknar grensegjerdet, eller muren som han gjerne blir kalla, som ein av dei viktigaste sigrane hans i dei fire åra han har vore president. Blant tilhengjarane har gjerdet også vorte eit symbol på handlekrafta hans.

Men arbeidarane ser ut til å ha ei umogleg oppgåve når det gjeld Trumps ønske om å få gjerdet ferdig før Joe Biden tek over som president 20. januar.

I staden ligg det an til at Biden arvar ein halvferdig konstruksjon, som vil bli ståande som eit testamente over Trumps svært strenge politikk mot papirlause innvandrarar.

Biden har lova å stoppe prosjektet, som han meiner Trump-administrasjonen har kasta bort 15 milliardar dollar på.

Held fram som før

Ein av arbeidarane fortel til nyheitsbyrået AFP at dei no byggjer ei strekning på om lag 120 meter per dag. Med denne farten vil dei ha fullført ei strekning på 5,5 kilometer til innan den siste dagen Trump er president.

– Dei har ikkje sagt at vi skal stoppe. Viss dei allereie har løyvd pengane, korleis skal dei kunne la han stå uferdig? spør arbeidaren før ein arbeidsleiar minner han om at han ikkje skal snakke med journalistar.

Gjerdet dekkjer no ei strekning på nærare 67 mil, ifølgje ei oppdatering frå dei amerikanske tollstyresmaktene, men grensa er over 300 mil lang.

Mesteparten av det som er bygd til no, er forsterkningar av ein allereie eksisterande mur, som var 4 meter høg, men som no ragar 10 meter over bakken.

Prioriteringa har vore å få bygd stålgjerdet i dei mest folketette områda ved grensa, der dei fleste ulovlege grensepasseringane skjer.

Mange blir skadde

Samtidig som Trumps løfte om å byggje ein «stor, vakker mur» langs heile grensa ikkje ser ut til å bli innfridd, har ho allereie etterlate seg mengder med knuste draumar og brekte bein og armar.

Mange menneske har vorte alvorleg skadde når dei har prøvd å klatre over dei enorme sperringane, opplyser Alejandro Calderon, ein 55 år gammal mann frå Cuba som driv eit senter som gir innvandrarar tak over hovudet.

– Eg har sett menn med hovudskadar, brekte armar, to brekte føter. Folk som har komme hit i rullestol. Og ikkje berre to eller tre, men mange, seier han.

Gong på gong har han sett desperate menneske på flukt frå fattigdom og vald hoppe ned i det forbodne landet, USA.

Inga helsehjelp

Men det han er mest overraska over, er at dei skadde ofte blir sende tilbake til Mexico utan noka form for helsehjelp.

– Dei sender dei tilbake i den tilstanden, og vi må gi dei førstehjelp sjølv om vi ikkje har nokon lege, seier Calderon, som sjølv er utdanna ingeniør.

Domingo Barahona, ein 45-åring frå Guatemala, har allereie prøvd å ta seg over gjerdet to gonger, og no vil han prøve ein tredje gong.

For få dagar sidan såg han papirlause innvandrarar som hadde opne sår rett inn til beina etter å ha kasta seg ned frå gjerdet.

– Dei fekk ikkje eingong smertestillande på vegen tilbake frå USA, seier han.

Vil ikkje vente på å bli drepen

Barahona lét etter seg ein tolv år gammal son heime, men han meiner at USA er den einaste sjansen han har til å unngå lagnaden til bror sin, ein politimann, som vart drepen av «dårlege folk».

– Eg vil døy medan eg kjempar i staden for å bli sitjande og vente på at dei drep meg, seier han.

Trumps valnederlag har gitt både han og andre papirlause innvandrarar håp om ein mjukare innvandringspolitikk.

– Biden verkar som ein veldig menneskeleg person, seier Elienai Lopes, ein 27-åring frå Brasil, som har gjort fire mislykka forsøk på å ta seg over grensa.

Men å stoppe prosjektet med ein gong kan bli vanskeleg for Biden sidan det allereie er inngått ei rekkje kontraktar med selskap som er involverte i bygginga. I tillegg har justisdepartementet gått til søksmål mot ei rekkje jordeigarar for å få ekspropriert område der gjerdet skal byggjast.

I august sa Biden at han ikkje vil byggje ein einaste meter til av muren. Han lova også å trekkje tilbake søksmåla. Men denne veka kunne ei talskvinne for Bidens overgangsteam ikkje svare på spørsmål om korleis Biden skal sikre ein stans i bygginga.

I staden sa ho at Biden vil oppheve Trump-erklæringa om at det eksisterer ei nasjonal krise og heller investere i «verkelege løysingar» ved grensa, blant dei smartare måtar å styrkje grenseovervakinga på.

(©NPK)

President Donald Trump håpar på å få ferdig så mykje av grensegjerdet som mogleg før han går av i januar, men det er så å seie umogleg å få han ferdig. Dermed blir det opp til Joe Biden å innfri løftet sitt om å stoppe bygginga. Her frå bygginga i Mission i Texas. Foto: Eric Gay / AP / NTB

Arbeidarar byggjer grensegjerdet i Mission i Texas. Foto: Eric Gay / AP / NTB

Ein arbeider målar ein nyleg reist del av grensemuren ved Mission i delstaten Texas. Foto: Eric Gay / AP / NTB