Annonse

Arbeidsløysa i USA er 3,5 prosent, den lågaste på 50 år

Arbeidsløysa i USA vart i november målt til 3,5 prosent, det lågaste talet på 50 år, opplyser arbeidsdepartementet.

Annonse

Samtidig vart det skapt 266.000 nye arbeidsplassar. I gjennomsnitt låg lønnsnivået i november 3,1 prosent høgare enn same månad i fjor.

Auken i talet på arbeidsplassar skjer trass i ei vanleg oppfatning om at næringslivet generelt har problem med å finne tilsette når arbeidsløysa er så låg.

Den store mengda nye jobbar tilseier auka forbruk, sjølve motoren i ein økonomi som jamt over opplever ein noko nølande investeringslyst i næringslivet og frykt for eksportmoglegheitene.

Sidan i sommar har det månad for månad vore ein auke i talet på nye jobbar. Dei tre siste månadene har vist ein gjennomsnittsvekst på 205.000, opp frå juli månad då talet var 135.000.

(©NPK)