Annonse

Asia-børsane stengde i raudt

Børsane i Asia gjekk ned også måndag. I Tokyo var Nikkei-indeksen ned 1,8 prosent ved stengjetid.

Annonse

På Tokyobørsen opna den breie Topix-indeksen med eit fall på 0,63 prosent før den til slutt enda ned 1,59 prosent.

Tendensen var den same på andre børsar i Asia. Kort før stengjetid var Kospi-indeksen i Seoul ned 0,9 prosent, mens Hang Seng i Hongkong hadde falle 1,2 prosent og Shanghai 0,6 prosent.

I Japan verka utsikter til høgare moms og pessimisme over handelsforhandlingane med USA tungt inn på marknaden, i tillegg til høgare oljepris.

- Marknadane er noko ustabile på grunn av faktorar som høgare oljepris, som bekymrar investorane, seier marknadsanalytikar Kyoko Amamiya til nyheitsbyrået AFP.

Onsdag og torsdag i førre veke raste amerikanske aksjekursar over heile linja, men då børsane stengde i USA fredag var det oppgang på Wall Street. Industriindeksen Dow Jones steig 1,1 prosent, den breie S & P 500-indeksen enda 1,4 prosent opp og teknologiindeksen Nasdaq steig 2,3 prosent. Det er likevel eit godt stykke igjen før verditapet er utlikna.

(©NPK)

Dei fleste av Asia-børsane gjekk ned måndag. Foto: Ahn Young-joon / AP / NTB scanpix