Assange ankar utleveringsavgjerd

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange ankar avgjerda frå den britiske regjeringa om å utlevere han til USA.

Eit ankekrav vart motteken i det britiske rettssystemet fredag, stadfestar tenestepersonar til nyheitsbyrået AFP.

Utleveringa av Assange vart i juni godkjent av Storbritannias innanriksminister Priti Patel.

I USA risikerer Assange opptil 175 års fengsel viss han blir kjend skuldig i alle dei 18 tiltalepunkta – mellom anna i spionasje. Bakgrunnen for tiltalen er at Assange og Wikileaks i 2010 publiserte ein halv million lekka dokument om mellom anna USAs krigføring i Irak og Afghanistan.

Ein britisk domstol avviste i januar 2021 kravet om utlevering, men avgjerda vart seinare omgjord av ein høgare rettsinstans. I januar i år vedtok High Court i London at utleveringssaka kunne ankast, men også denne rettsavgjerda vart sett til side. Saka hamna dermed på Patels bord. Anken som vart levert inn fredag, betyr at rettsvesenet skal ta stilling til avgjerda til regjeringa om utlevering.

Fengselet i tre år

Assange har sete i eit høgtryggingsfengsel utanfor London sidan 2019. Før det budde han under vern i Ecuadors ambassade i London i sju år.

Avgjerda om å utlevere han har ført til sterke reaksjonar frå menneskerettsaktivistar og pressefridomsorganisasjonar.

– Assange risikerer å bli fengsla under forferdelege og umenneskelege forhold. Og ikkje minst å bli dømt til mange års fengsel for å ha brukt ytringsfridommen sin, sa generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty International Noreg då Patels avgjerd vart kjend i juni.

– Presseorganisasjonar over heile verda har jobba mot at Julian Assange skal bli utlevert. Wikileaks' avsløringar bidrog til at verda fekk vite om overgrep og menneskerettsbrot under krigane i Afghanistan og Irak. Straffeforfølging av Assange vil vere øydeleggjande for både pressefridommen og ytringsfridommen i verda, sa leiar Dag Idar Tryggestad i Norsk Journalistlag same dag.

Protest

Fredag var kona hans, Stella Assange, blant fleire som samla seg utanfor det britiske innanriksdepartementet for å protestere mot utleveringsavgjerda.

– Vi skal kjempe mot dette. Vi skal bruke alle ankemoglegheiter som finst, sa ho til journalistar då Patel kunngjorde avgjerda si om utlevering.

– Han er i fengsel for å fortelje sanninga, seier 79 år gamle Gloria Wildman til AFP under protesten fredag.

– Ingen av oss er fri med mindre Assange er fri, slo ho fast.

(©NPK)

Julian Assange helsar til støttespelarane sine frå Ecuadors ambassade i London i 2017. Arkivfoto: Frank Augstein / AP / NTB