Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Tidlegare journalist og redaktør i Norsk Ukeblad, Astrid Gunnestad, er død, 77 år gammal.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 19:13
Astrid Synnøve Gunnestad blei født 19. august 1938. Ho blei funnen i sin eigen heim 18. mai, opplyser seniorrådgivar Elisabeth Skarsbø Moen i kommunikasjonsbyrået Zynk til NTB.
Ved sida av redaktørrolla i Norsk Ukeblad, som ho gjekk inn i 1971, er ho dei siste åra blant anna kjent som riksmegge i P4-programmet «Oss megger imellom» saman med programleiarkollega Lise Askvik.
I 2014 skapte ho stor ståhei då ho røykte marihuana for open mikrofon i eit innslag som blei teke opp i Amsterdam. Til P4 sa ho at ho ville prøve rusmiddelet som eit alternativ til smertelindring.
I eit intervju med Dagbladet i 2008 fortalde ho at ho hadde klina med Christer Falck, lege i senga til André Bjerke og fått Kjell Aukrust til å skøyte som Solan Gundersen inne på Grand.
Gunnestad har vore samlivsekspert i P4, og på 2000-talet opererte ho også som glamjournalist for magasinet Tara, med friske intervju med blant andre Bjørn Sundquist, Sven Nordin og Stein Winge. Ho har også intervjua Wenche Foss, dronning Sonja og møtt paven to gonger. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.