Klargjør siden...

Asylstraumen gav jobb til 170 av 200 på UDI-intervju

(NPK-NTB): UDI har dobla talet på saksbehandlarar på to månader. Det har gitt jobb til mange nyutdanna samfunnsvitarar og juristar.

Då talet på asylsøkjarar til Noreg vart mangedobla hausten 2015, sette Utlendingsdirektoratet i gang ei storstilt rekruttering, skriv Dagens Næringsliv. I oktober vart ei rad stillingar med krav om mastergrad utlyst, og over 700 søkjarar responderte.

200 personar vart kalla inn til intervju, og av dei fekk 170 jobb som saksbehandlarar i direktoratet. Brorparten av dei var samfunnsvitarar og juristar, mange av dei nyutdanna.

Slik sett vart flyktningkrise løysinga for fleire nyutdanna som hadde slite med å få jobb. Sosialantropologen Linda Tang hadde vore arbeidssøkjande i eitt år før ho fekk napp hos UDI.

– Som samfunnsvitar fell ein ofte mellom stolar. Eg har vore i intervju der eg er blitt spurt om masterutdanninga min, men der eg føler dei hintar til «kvifor søkjer du jobb hos oss, når vi ikkje krev så lang utdanning?». Andre stadar er dei interesserte i utdanninga, men etterlyser relevant arbeidserfaring, seier ho til DN.

Bunken av asylsøknadar auka frå 11.480 i 2014 til 31.145 i 2015. Med nytilsettingane ventar UDI å kunne behandle 21.000 saker i 2016. (©NPK)

Annonse