Åtte med i kampen om presidentvervet i Fifa
(NPK-NTB-Ritzau-Reuters): Generalsekretær i Uefa, Gianni Infantino, er éin av åtte kandidatar framfor presidentvalet i Fifa. Erstattaren til Sepp Blatter blir klar i februar.
Gianni Infantino, som for fotballentusiastar flest er kjent for å trekkje grupper og sluttspelkampar i meister- og Europaligaen, kan ifølgje The Guardian få full støtte frå Det europeiske fotballforbundet (Uefa). Både sveitsaren og den asiatiske fotballpresidenten Sjeik Salman Bin Ebrahim Al Khalifa lanserte kandidatura sine måndag.
Dei seks andre er den sitjande UEFA-presidenten Michel Platini, prins Ali Bin Al Hussein av Jordan, David Nakhid frå Trinidad og Tobago, FIFAs tidlegare generalsekretær Jerome Champagne, sørafrikanske Tokyo Sexwale og Liberias fotballpresident Musa Bility.
Fristen for å melde kandidatur gjekk ut måndag.
– Vi er glade for at Gianni har sagt seg villig til å stille som kandidat som president i Fifa, heiter det i ein uttale frå Uefa-styret.
Infantino har fungert som høgre hand for Platini i det europeiske forbundet i seks år, men ønskjer no å tre ut av skuggen til franskmannen.
– Det er nødvendig med reform i Fifa. Handlingane til organisasjonen må vere til det beste for alle dei 209 medlemslanda, store som små, seier Infantino i ein uttale frå Uefa.
Kandidatane må ha støtte frå fem nasjonale forbund for å bli ein offisiell kandidat.
Amerikanske styresmakter har sikta fleire Fifa-toppar for mutingar og kvitvasking.
Ei av hovudoppgåvene til den nye presidenten blir å få omdømmet og truverdet til organisasjonen opp av grøfta. (©NPK)