Annonse

Åtte ungdommar mistenkte for å ha spreidd 700 nakenbilde

Åtte ungdommar frå Harstad er mistenkte for å ha spreidd over 700 nakenbilde og filer av til saman 34 jenter.

Annonse

Dei åtte ungdommane er både gutar og jenter mellom 13 og 16 år, ifølgje NRK.

Ifølgje politiet er 95 prosent av nakenbilda tekne av jentene sjølv, på badet eller soverommet.

- Alle mistenkte er avhøyrt saman med verje eller andre. Mobiltelefonar og datamaskiner er beslaglagt, opplyser Troms politidistrikt.

(©NPK)