Åtvaring til Solberg: No skal Frp føre eigen politikk

Statsminister Erna Solberg (H) satsar på vidare Frp-støtte i Stortinget. Fleire saker kan likevel vere i spel for regjeringspartia.

Fleirtalsregjeringa til Solberg (H) levde i ganske nøyaktig eitt år. Måndag var det slutt då Framstegspartiet trekte seg frå samarbeidet etter ein dag spekka med politisk dramatikk.

Både Solberg og Frp-leiar Siv Jensen gir uttrykk for håp om vidare samarbeid i Stortinget. Men ein forsmak på kva som no er i vente for mindretalsregjeringa med Høgre, Venstre og KrF, kom raskt.

– Utgangspunktet vårt er ikkje å setje inn Jonas Gahr Støre (Ap) som statsminister, det har det aldri vore. Men det er opp til regjeringa å føre ein politikk som Frp kan støtte, seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug.

Ho understrekar overfor NTB at partiet no vil følgje sitt eige partiprogram, noko òg Jensen legg vekt på.

Granavollen

Solberg seier dei tre regjeringspartia framleis kjem til å legge Granavollen-plattforma frå i fjor vinter til grunn for samarbeidet sitt. Ho håper Frp vil halde fram eit «nært og konstruktivt» samarbeid i Stortinget.

Likevel er Frps behov for å markere seg sterkare enn partiet fekk til i eit – ifølgje Jensen – grått og kjedeleg regjeringsprosjekt, noko av grunnen til at partiet no går ut av regjeringa. Det er derfor eit ope spørsmål kor medgjerleg Frp blir i Stortinget.

Samtidig blir ikkje Stortingets samansetning endra. Der har framleis dei fire borgarlege partia fleirtal, i det minste fram til valet i 2021.

Fleire saker i spel

Når Frp riv seg laus frå Granavollplattforma betyr det at fleire saker kan vere i spel, trass i fleirtalet. Den store Venstre-sigeren i plattforma, nemleg rusreforma, kan ryke med Frp ute av regjeringa. Primærstandpunktet til Frp er at dei ikkje støttar ei avkriminalisering av narkotika.

Overfor Aftenposten nemner parlamentarisk leiar i Frp Hans Andreas Limi òg pelsdyrforliket som ei Venstre-sak som står i fare når Frp går ut av regjeringa. I tillegg trekker han fram trus- og livssynsmeldinga og bioteknologilova, to saker som er viktige for KrF, og som ikkje er ferdigbehandla i Stortinget.

– Eg seier ikkje at vi endrar standpunkt i desse sakene, men dette er saker vi må sjå nærare på, seier Limi til avisa.

Høgdramatisk

Frp-exiten etter over seks år i regjering kom brått, og prosessen gjekk raskt. Sist veke sprakk nyheita om at regjeringa har bidratt til å hente heim ei terrorsikta kvinne og dei to barna hennar frå Syria, mot Frps vilje.

Avgjerda førte til opprørsstemning i Frp, også blant normalt regjeringstru partitoppar. Alt tyder på at partileiinga undervurderte opprøret i eigne rekker, og at det aldri vart grunnlag for å legge fram ei formell kravliste for Solberg.

I staden vart Solberg på eit møte måndag formiddag orientert om at Jensen ville tilrå landsstyret sitt å gå inn for å gå ut av regjeringa seinare same dag.

Nokre minutt over klokka 13.30 kunngjorde Jensen at Frps historie som regjeringsparti var over for denne gongen.

(©NPK)

Frp-leiar Siv Jensen kunngjorde måndag at partiet er ferdig i regjering. Nestleiar Sylvi Listhaug (t.v.) seier at regjeringa no må føre ein politikk som partiet kan støtte. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix