Klargjør siden...
Annonse

AUF-arar får krav om Utøya-erstatning opp i Høgsterett

(NPK-NTB): Høgsterett skal avgjere om tre AUF-arar som var på landsida i Utvika 22. juli 2011, har krav på valdsoffererstatning.

Mats Monsen (24), Tommy Dahle (24) og Tea Kristine Hermansen Broholm (18) stod på landsida då skytinga på Utøya tok til. Dei hadde telefonisk kontakt med AUF-arar som var på øya og hjelpte til i Utvika då ungdom som hadde flykta, begynte å kome i land.

Så langt er kravet deira om valdsoffererstatning, slik overlevande og andre som gav hjelp fekk, blitt avvist av nemnda sjølv, av Sør-Trøndelag tingrett og Frostating lagmannsrett.

No skal Høgsterett sjå på kravet deira og vurdere om dei lågare rettsinstansane har forstått lova rett når dei konkluderer med at dei tre verken er skadelidde eller høyrer til gruppa som gav nødhjelp til «offer for ei straffbar handling». Det blei gjort ei utvidinga av denne definisjonen etter 22. juli, slik at folk som plukka opp flyktande ungdommar frå vatnet også skulle omfattast.

«Lagmannsretten er einig med tingretten i at hjelpa frå dei ankande partane må karakteriserast som omsorgsarbeid, ikkje nødhjelp. Dette var eit viktig arbeid som var av stor betydning for dei berørte, men fell likevel på sida av det som lovendringa eigentleg tok sikte på,» skriv Frostating lagmannsrett i dommen sin frå mai i år. (©NPK)

Annonse