Annonse

Minkande rørsler i Veslemannen - Raudt farenivå blir halde oppe

NVE held oppe raudt farenivå for Veslemannen, trass i at rørslene øvst i fjellpartiet har minka noko sidan søndag.

Søndag kveld og natt til måndag var det store rørsler i Veslemannen på grunn av regn, og ein stor blokk raste ut frå øvre del. På det meste var det fart opp mot 50 centimeter i døgnet i den øvre delen av fjellpartiet. I nedre delen var farten kortvarig opp til 10 centimeter i døgnet.

- Vi ser at farten no minkar, men vi må sjå ei ytterlegare stabilisering før vi går ned i farenivå, seier geolog Gustav Pless i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på ei pressebrifing måndag ettermiddag.

Farten måndag ettermiddag var på rundt 14 centimeter i døgnet i øvre delen, og rundt 4 centimeter i døgnet i nedre delen.

Derfor held NVE oppe raudt farenivå for Veslemannen.

- Vi vurderer farenivået kontinuerleg, og om stabiliseringa held fram som no, kan ein venta ei nedjustering av farenivået allereie tysdag, seier Pless.

Bebuarane ved Veslemannen har vore evakuert sidan det blei registrert auka rørsle i fjellpartiet for ei dryg veke sidan.

- Dei lengtar etter å koma tilbake igjen, men dette er ein gjeng som er vand til å klara seg sjølve, så det går bra, seier ordførar Lars Olav Hustad (H) i Rauma.

Den mest aktive delen av Veslemannen har flytta seg 4 meter den siste månaden.

Veslemannen er ein liten, men svært aktiv del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Dei årlege bevegelsane i Mannen, utanom Veslemannen, er nokre få centimeter.

(©NPK)

Veslemannen er ein relativt liten, men svært aktiv del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix