Auka press mot Canada før nye NAFTA-forhandlingar

Ein ikkje-avtale er betre enn ein dårleg avtale, seier Canadas utanriksminister Chrystia Freeland, til amerikansk presse før dei nye NAFTA-forhandlingane.

Canada bør godta krava til Trump-administrasjonen eller risikere å bli utelatne frå NAFTA, åtvarar den republikanske innpiskaren i Representanthuset, Steve Scalise.

- Amerikanske lovgivarar er uroa for at Canada ikkje er klare eller villige til å gjere dei nødvendige kompromissa for å oppnå ein rettferdig avtale, legg han til.

Sjølv om opposisjonspartia i Canada hittil har stilt seg bak regjeringa si, begynner presset mot statsminister Justin Trudeau å auke også på heimebane, i hovudsak frå Canadas konservative parti som ønsker meir fleksibilitet frå regjeringa.

Ei bestemd Freeland, som kom til Washington tysdag kveld til ein ny runde med forhandlingar, seier at Canada er villig til å gå ut av NAFTA om alternativet er ein dårleg avtale.

- Vi er forplikta til å få ein god avtale for canadiarar, seier ho.

(©NPK)

Ein ikkje-avtale er betre enn ein dårleg avtale, seier utanriksminister i Canada Chrystia Freeland, som møter amerikansk presse før dei nye NAFTA-forhandlingane. Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB scanpix