Annonse

Aukande flaumfare i Hordaland og Sogn og Fjordane

I helga vil det ifølgje meteorologane komme meir nedbør på Vestlandet enn tidlegare meldt. Flaumvarselet for Hordaland og Sogn og Fjordane er derfor oppjustert.

Annonse

I desse to fylka er det no venta opp mot 180 millimeter regn laurdag og søndag. Nedbøren vil komme som regn høgt til fjells, og der det ligg snø, vil snøsmelting bidra til auka vassføring.

Sidan det allereie er høg vassføring i fleire vassdrag, er det stor fare for flaum. Farevarselet er derfor justert opp frå gult nivå til oransje, det nest høgste.

Konsekvensane kan bli både stengde vegar og stengde bruer, og på utsette stader kan det bli omfattande flaum og flaumskadar.

For Vestlandet generelt, også inkludert Møre og Romsdal, er jord- og flaumskredfaren framleis på gult nivå, det lågaste av farevarsla. Men det blir understreka at varselet er i den øvre delen av gult nivå, og det er derfor mogleg at dette blir oppjustert til oransje nivå ettersom det er venta opptil 60 millimeter nedbør på berre seks timar natt til søndag.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) åtvarar om at bratte skråningar og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette, og dei ber folk om å halde seg unna slike stadar.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix