Annonse

Austerriksk skribent fengsla i Tyrkia for påståtte terrorband

Den austerrikske skribenten Max Zirngast er fengsla i Tyrkia for påstått terrorverksemd. Det melder det tyrkiske nyheitsbyrået Anadolu.

Zirngast er fengsla saman med to andre.

Dei tre er skulda for å vere medlemmer av det tyrkiske kommunistpartiet Kivilcim, som blir sett på som ein terrororganisasjon.

Han vart arrestert førre veke, noko som fekk Austerrikes statsminister Sebastian Kurz til å forlange at han vart sett fri med ei ong og ei forklaring frå Tyrkia.

Zirngast, som også studerer statsvitskap, har vore ein bidragsytar til fleire venstrefløypublikasjonar.

(©NPK)