Annonse

Australias statsminister avviser direkte samanheng mellom klimautslepp og skogbrannar

Australias klimautslepp er ikkje årsaka til dei mange skogbrannane i landet den siste tida, meiner Australias statsminister Scott Morrison.

Annonse

Skogbrannar held fram med å svi av skog og eigedommar i Australia, og torsdag tåkela røyk frå brannane igjen storbyen Sydney.

Statsminister Scott Morrison har lenge unngått å kommentere samanhengen mellom klimautsleppet i landet og dei dødelege brannane. Torsdag tok han bladet frå munnen.

- Påstanden om at Australia, som står for 1,3 prosent av utsleppa i verda, direkte påverkar brannar, enten her eller andre stader, held ikkje mål vitskapleg, sa Morrison til ABC radio.

Skogbrannane som herjar i landet, blir beskrivne som uvanleg mange og store så tidleg i skogbrannsesongen.

Torsdag brenn det i alle Australias regionar, og innbyggarar i Victoria blir bedne om å forlate område med høg brannfare. I delstaten New South Wales er meir enn 600 hus øydelagde av brannar dei siste vekene.

Forskarar meiner det blir varmare, tørrare og meir vind på grunn av auka temperaturar globalt. Morrisons regjering blir møtt med krav om kutt i utslepp av klimagassar og ein hurtigare overgang til fornybar energi. Det er ein vanskeleg debatt i eit land med ein stor gruveindustri.

(©NPK)

Røyk frå skogbrannane i New South Wales tåkela igjen Sydney torsdag. Foto: Rick Rycroft / AP / NTB scanpix