Klargjør siden...

Avgrensa oppslutning for Listhaug som listetopp i Vest-Agder

(NPK-NTB): Kun éin av 14 lokallagsleiarane for Frp i Vest-Agder seier ope at han vil ha innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug Listhaug som listetopp i fylket.

Listhaug har bestemt seg for å stille som kandidat til Stortinget, og NTB har tidlegare skrive at ho av fleire i partiet blir sett på som ein utmerkt kandidat for Frp i Vest-Agder.

NRK har kontakta leiarane for dei 14 lokallaga i fylket. Ni seier nei til Listhaug, tre ønsker ikkje å kommentere saka, mens éin ikkje har svart på førespurnaden.

– Eg er ikkje imponert over forslaget. Det er ikkje noko gale med Listhaug, men veljarane må få moglegheit til å velje ein lokal kandidat dei kjenner, seier leiaren for Frps lokallag i Flekkefjord, Jan Erik Hogstad.

Den einaste av lokallagsleiarane som støttar forslaget ope, er leiar for Frp i Mandal, Arne Petter Beckstrøm.

– Eg synest det er eit positivt forslag. Listhaug vil kunne sanke mange stemmer frå andre parti på Sørlandet, seier han.

Listhaug er også ein aktuell kandidat i fleire andre fylke, deriblant Aust-Agder og Oslo. (©NPK)

Annonse