Annonse

Avinor: Ikkje funne feilen som skaper flytrøbbel i Sør-Noreg – forseinkingar utover ettermiddagen

Feilen som skaper flyproblem i store delar av Noreg måndag, er framleis ikkje funnen. Det blir redusert kapasitet utover ettermiddagen.

– Avinor jobbar på spreng med å finne feilen i trafikkovervakingssystemet, men kan ikkje seie når han blir funnen. Det betyr at det vil bli forseinkingar på Avinors lufthamner i ettermiddagsrushet og utover kvelden. Avinor vil halde reisande løpande orientert på nettsider, i sosiale medium, på ramma lufthamner og via media. Og vi beklagar til alle som er ramma, seier Harald Nygaard Kvam, kommunikasjonssjef ved Oslo lufthamn.