Avis: Barcelona overførte 73 millionar kroner til dommartopp

Påtalemakta i Spania etterforskar Barcelona for å ha betalt 15,2 millionar til ein dommar. El Mundo hevdar at summen er langt høgare enn som så.

Torsdag stadfesta storklubben at påtalemakta undersøkjer transaksjonane deira til den tidlegare nestleiaren i dommarkomiteen i det spanske fotballforbundet, Jose Maria Enriquez Negreira.

Radiostasjonen Cadena Ser melde torsdag at Barcelona hadde overført 15,2 millionar kroner til Negreiras bankkonto i perioden mellom 2016 og 2018.

El Mundo skriv likevel at beløpet er mykje større, og at utbetalingane starta allereie i 2001.

I løpet av åra vart det ifølgje avisa overført 6,6 millionar euro (73 millionar kroner) til nestleiaren i dommarkomiteen.

Barcelona har grunngitt transaksjonane med at Negreira skal ha levert tekniske rapportar til klubben. I tillegg skal han ha bidrege med informasjon om talent frå andre klubbar i Spania.

Ifølgje Barcelona er det «normal praksis» at fotballklubbar gjer slike avtalar.

Ifølgje dåverande klubbpresident, Josep Maria Bartomeu, vart samarbeidd stoppa i 2018 då klubben måtte kutte kostnader.

Sjølv om Barcelona kan ha brote reglane, vil dei ikkje få noka sportsleg straff. Det sa La Liga-president, Javier Tebas, torsdag ifølgje AFP.

– Vi må gjere det klart at det ikkje er mogleg å sanksjonere sportsleg ettersom det har gått fem år. Vi har allereie sett på det, sa Tebas.

Barcelona måtte vore dømt innan tre år viss dei skulle hatt ei sportsleg straff.

(©NPK)

Barcelona etterforskes av spansk påtalemakt. Foto: Joan Monfort / AP / NTB.