Annonse

Avis: Friday på besøk i Alkmaar

(NTB-NPK): Lillestrøms toppskårar Fred Friday har reist til Nederland for å besøkje toppklubben AZ Alkmaar.

Det melder Romerikes Blad. LSKs sportsdirektør, Torgeir Bjarmann, stadfestar overfor avisa at Friday har fått lov til å besøkje ein utanlandsk klubb.

– Det er ikkje akseptert nokon bod på Fred, men han har fått lov til å besøkje ein klubb i utlandet. Det har vore eit ønskje frå både spelar og klubb. Den aktuelle klubben har vist interesse i lengre tid. Men det er viktig å presisere at LSK har ikkje akseptert noko bod, seier Bjarmann.

Friday skal ha forlate dagens restitusjonstrening på Åråsen i bilen til agent Atta Aneke på veg til Gardermoen. Agenten stadfesta til NTB i slutten av juni at fleire klubbar har lagt inn bod på 21-åringen.

– Det er klubbar frå både Europa og andre kontinent som har komme med bod, sa Aneke, som òg fortalde at ei avgjerd skulle bli tatt i juli eller august.

Tottenham stadfesta tysdag at dei har kjøpt Alkmaars storskårar Vincent Janssen, difor er den nederlandske klubben på spissjakt. Klubben blei nummer fire på øvste nivå i Nederland førre sesong, og har òg Marcus Henriksen i stallen.

Friday er for augneblinken toppskårar i eliteserien med åtte mål på 14 kampar, men har ikkje funne nettmaskene sidan han skåra i 1-3-tapet mot Strømsgodset 7. mai. (©NPK)

Annonse