Bahrains VM-vinnar utestengd for dopingbrot

Verdsmeister på 400 meter frå Doha i fjor, Salwa Eid Naser, er mellombels utestengd på grunn av brot på meldeplikta.

Salwa Eid Naser var fullstendig overlegen på 400 meter for kvinner under VM i Doha i oktober. Det er Friidrettens integritetseining (AIU) som har utestengt henne.

Ho er mistenkt for ikkje å ha overhalde meldeplikta som gjer henne tilgjengeleg for dopingjegerane.

Naser noterte 48,14 sekund på distansen. Det var den raskaste tida på distansen av ei kvinne sidan 1985.

(©NPK)

Salwa Eid Naser frå Bahrain er mellombels utestengd for ikkje å ha overhalde meldeplikta. Her under Bislett Games i 2018. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix