Bakehuset trekkjer brød på grunn av feilpakking

Det dagsferske «Bakerens Utvalgte Kornbrød» frå onsdag blir trekt frå butikkar. Posen kan innehalde eit mjølkehaldig brød det ikkje er deklarert for.

Dette gjeld brød selt i butikk onsdag, opplyser Bakehuset i ei pressemelding.

Produktet er selt i Kiwi, Meny, Spar, Joker, Nærbutikken og Bunnpris i Vestfold og Telemark fylke.

Mjølkeallergikarar som har kjøpt produktet blir bedne om anten å kaste det, eller levere det til butikken der det er kjøpt, for å få nytt brød.

Måndag trekte Bakehuset eit surdeigsbrød fordi det kunne vere pakka eit anna brød i posen.

(©NPK)

«Bakerens Utvalgte Kornbrød» frå Bakehuset AS, blir trekt frå marknaden grunna feilpakking.
Foto: Bakerhuset / NTB / NPK