Baltiske land sender panservern og luftvern til Ukraina

Dei tre Nato-landa i Baltikum stadfestar at dei sender både luftvern- og panservernrakettar til Ukraina.

Styresmaktene i Estland, Latvia og Litauen opplyser at dei sender Javelin- og Stinger-rakettar til bruk mot «mogleg russisk aggresjon». Det var venta at landa ville sende våpen til Ukraina etter at amerikanske styresmakter torsdag gav grønt lys til at dei kunne eksportere amerikanskprodusert materiell.

Tysdag opplyste britiske styresmakter at landet sender panservernrakettar til Ukraina, som ifølgje forsvarsminister Ben Wallace er meint for bruk til sjølvforsvar mot Russland.

Situasjonen rundt den ukrainske grensa til Russland har vore tilspissa den siste tida med omkring 100.000 russiske soldatar samla ved grensa. Russland nektar for at dei planlegg ein invasjon av nabolandet.

(©NPK)

ANNONSE
Annonse