Annonse

Bane Nor dømt til å betale 273 millionar kroner til Skanska

Bane Nor må betale 272,8 millionar kroner i erstatning til Skanska etter at dei tapte eit anbod på Follobanen, ifølgje ein dom frå Borgarting lagmannsrett.

Retten har komme til at Skanska har vorte påført eit tap på nesten 273 millionar kroner som følgje av at italienske Condotte for tre år sidan vart tildelt anbodet på Follobaneprosjektet. Skanska hevda det var vesentlege avvik ved det italienske anbodet, og at anbodet derfor skulle vore avvist.

No har lagmannsretten gitt Skanska medhald og tilkjent selskapet erstatning for tapet selskapet har lide. Bane Nor, tidlegare Jernbaneverket, må òg dekke Skanskas sakskostnader på 2,6 millionar kroner.

Follobaneprosjektet er ei massiv utbygging av Follobanen som har som mål å halvere togreisetida mellom Oslo S og Ski til elleve minutt. Heile prosjektet er budsjettert til 25 milliardar kroner og skal etter planen gjerast ferdig i 2021.

Den omfattande utbygginga av Follobanen er budsjettert til 25 milliardar kroner. No er Bane Nor dømt til å betale 272,8 millionar kroner i erstatning til selskapet som ikkje fekk anbodet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix