Banebrytande rettsavgjerd om surrogati i Singapore

Etter ei historisk høgsterettsavgjerd har ein homofil singaporsk mann vunne retten til å adoptere den fem år gamle sonen sin som vart fødd ved surrogati i USA.

Rettsavgjerda er den første av slaget sitt i den konservative bystaten, som trass i å vere velståande og moderne på mange måtar, ofte får kritikk for haldningane sine til homofili. Likekjønna ekteskap er ikkje tillate, og likekjønna sex mellom menn er framleis ulovleg etter ei lov som har stått heilt sidan den britiske kolonitida, sjølv om lova sjeldan blir teke i bruk.

Saka dreidde seg om ein mann som først hadde spurt om å få adoptere i Singapore, men fått melding om at det var lite sannsynleg at eit homofilt par ville få løyve til dette.

Mannen, som då var og framleis er i eit langvarig forhold med ein annan mann, fann seinare ei surrogatmor i USA som var villig til å bere barnet hans for 200.000 dollar. Ein son vart fødd, og han er no fem år gammal. Faren, ein ikkje namngitt 46 år gammal patolog, tok han med tilbake til Singapore og søkte om å formelt adoptere han. Håpet var at han skulle få singaporsk statsborgarskap.

Førespurnaden vart i desember i fjor avvist av ein lågare domstol, men mannen tok saka vidare til høgsterett, som måndag dømde i favør mannen.

- Alle bevisa i saka tyder på at det beste for barnet er at ein adopsjon blir gjennomført, sa høgsterettsjustitiarius Sundaresh Menon.

Han understreka likevel at rettsavgjerda berre gjaldt denne spesifikke saka, og at «den ikkje bør sjåast på som ei støtte til det 46-åringen og partnaren hans har gjort».

(©NPK)