Annonse

Barcelona får ikkje spele La Liga-kamp i USA

La Liga ønskte å flytte seriekampen mellom Girona og Barcelona i januar til Miami i USA, men Spanias fotballforbund set ned foten.

Annonse

Det opplyser ikkje namngitte kjelder til nyheitsbyråa Reuters og AP.

- Det er ikkje i samsvar med dei internasjonale reglane, seier kjelda i det spanske forbundet til Reuters.

La Liga hadde planlagt at Barcelona og Girona skulle møtast til seriekamp på Hard Rock Stadium i Miami 26. januar. Det var meininga at kampen skulle erstatte oppgjeret på Gironas heimebane Estadi Montilivi.

- Det er sendt eit brev til La Liga der førespurnaden blir avvist, då det ikkje er i samsvar med reglane, seier APs kjelde i Spanias fotballforbund.

Ifølgje dei internasjonale reglane må alle forslag om å flytte kampar utanfor heimlandet godkjennast av fleire forbund. I dette tilfellet dreier det seg om det spanske fotballforbundet, USAs fotballforbund, Uefa og CONCACAF (fotballforbundet i Nord- og Mellom-Amerika og Karibia).

(©NPK)

Luis Suárez og resten av Barcelona-spelarane må likevel spele bortekampen mot Girona i Spania. La Liga får ikkje oppfylt ønsket om å la oppgjeret gå i USA. Foto: Jose Ignacio Unanue / AP / NTB scanpix