Barentssekretariatet legg ned kontora i Russland

Barentssekretariatet legg ned kontora i Russland. Alle tilsette i Russland blir derfor sagde opp.

Kontora i Arkhangelsk, Murmansk og Narjan-Mar blir lagd ned frå 1. februar neste år, opplyser Barentssekretariatet.

– Vi har ein gjeng med svært dyktige kollegaer på kontora våre i Russland. Det er trist at vi har hamna i den situasjonen vi er i no, seier dagleg leiar Lars Georg Fordal.

Avgjerda kjem som ein konsekvens av dei utfordringane Russlands krig mot Ukraina har skapt for samarbeidet i Barents.

– Kontora i Russland har hatt eit særleg ansvar for å følgje opp samarbeidsprosjekt på russisk side, men per no legg krigen og reaksjonane på den store avgrensingar på aktiviteten vår. Utfordringar med pengeoverføringar til Russland har også gjort det vanskeleg å finansiere vidare drift av kontora, forklarer Fordal.

Barentssekretariatet fremjar norsk-russisk samarbeid og er eigd av Nordland og Troms og Finnmark. Dei deler ut prosjektmidlar som blir finansierte av Utanriksdepartementet.

Kontoret i Kirkenes er framleis ope for førespurnader og prosjektsøknader i tida framover.

Barentssekretariatet ope kontoret i Arkhangelsk i 1996, og deretter vart kontora i Narjan-Mar og Murmansk etablert ved tusenårsskiftet.


Barentssekretariatet må leggje ned drifta i Russland, men kontoret i Kirkenes er framleis ope. Foto: Heiko Junge / NTB

ANNONSE

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse