Annonse

Barnebarnet til Elvis er død, no er Lisa Marie Presley «utrøstelig»

Eit av Elvis Presleys fire barnebarn, Benjamin Keough, døydde søndag – 27 år gammal.

Saman med dei tre heil- og halvsøstrene var han å sjå i mora Lisa Marie Presleys musikkvideo frå 2012, som var ein posthum duett med Elvis på hans 1954-låt «I Love You Because».

No er Lisa Marie Presley «helt knust og utrøstelig», ifølgje ei fråsegn frå manageren Roger Widynowski, melder BBC.

Han var den einaste sonen hennar, og ho har tidlegare beskrive likskapen hans med den berømte bestefaren som «rett og slett nifs».

– Ho tilbad den guten. Han var den store kjærleiken hennar, seier Widynowski, som no seier at Lisa Marie Presley no «prøver å være sterk» for sine to tvillingdøtrer på 11 år, og Benjamins storesøster Riley (31).

I fjor sommar delte ho eit bilete av seg sjølv og barna med tittelen «løvemor og ungene» på Instagram.

Amerikanske medium, blant dei TMZ, melder at det skal dreie seg om sjølvmord.

No strøymer kondolansane inn til familien via sosiale medium. Blant dei som sender medkjensla si, er Nancy Sinatra. Ho spelte mot Elvis i 1968-filmen «Speedway», og skriv – stila til Lisa Marie:

– Eg har kjent deg sidan før mammaen din fødde deg, og drøymde aldri om at du ville oppleve ei smerte som dette i livet ditt. Eg er så lei meg.

(©NPK)

Her er Benjamin Keough saman med helsøsteren Riley og mora Lisa Marie Presley på 75-årsfeiringa for Elvis i 2010. Foto: Reuters